Dette biletet av familien på Skogarbø i Årdal er fotografert kring 1885.
På biletet ser ein Nils Reiarson og Anna Osmundsdotter sin familie. Nils vart fødd i 1836 på Skogarbø i Årdal, og Anna vart fødd i 1837 i Trodla-Tysdal i Årdal.
Nils og Anna gifta seg i 1860, og dei fekk åtte born saman.