«Jøsenfjord-Ferjen» var den første bilferja som trafikkerte i Hjelmeland kommune, allereie frå 14. juli 1965.
Ferjene i Jøsenfjordsambandet gjekk mellom Tøtlandsvik i sør og Vindsvik i nord heilt fram til 1. juni 1990, då sambandet vart flytta til strekninga Hjelmeland-Nesvik.
På dette biletet ser ein ferja som ligg til kai i Tøtlandsvik. Staden var eit viktig trafikknutepunkt i kommunen, også lenge før det kom ferje her. Rutebåtane gjekk innom her for å levera og ta med seg varer og passasjerar.
I bygningen heilt til venstre i biletet var det både post og kolonialhandel, og bygningen bak bussen fungerte som venterom for dei reisande.