| Ord | Ordklasse | Tydig | Døme på bruk |
| akslabrand | s. | trestokk som er passe stor til å bera på aksla | |
| annige | a. | oppteken, rastlaus, ivrig, utålmodig | E du så annige at du ikkje kan komma inn ein gong? |
| avsjå | v. | gje frå seg | Kan du avsjå litt mjøl? Eg har 'kje meir itte. |
| babla | v. | snakka fort og utydeleg | Ka e de nå du balba om? |
| bodavon | a. | når noko er øydelagt, men framleis mogleg å reparere | Knivad'n dine såg någe slitne ud, men dar e jo ennå bodavon i di. |
| brigjen | adj. | ein som krev stor plass | Du må 'kje vara så brigjen! Andre må og få plass. |
| brogete | a. | vanskeleg, problematisk | Nei, dette ser brogete ud. |
| børatåg | s. | reiskap som vart nytta til høybering | Når me ska ha inn høye broga me børatåg. |
| dasjen | adj. | trøytt, slapp, halvsjuk | Eg bler så dasjen av den hersens flonså. |
| einbinning | s. | eineborn | Eg har haurt at 'an Peder e einbinning. |
| far | s. | spor, merke, avtrykk (særleg etter føter) | Eg såg far itte både folk og dyr. |
| flonsa | s. | influensa | Eg fekk flonså i går. |
| fløydekodla | s. | nymjølka mjølk som har syrna i ei trekolla | De e godt me litt fløydekodla itte kaffien. |
| glikka | v. | le, flira, ha moro av | De va så løye at eg måtte glikka |
| hauraga | a. | når noko er fylt opp slik at ein får haug | Me plokka tri hauraga kårjer me brinjeber. |
| hegda | v. | å spara på | Du tar 'kje hegda på eplekaged'n. Dar e meir itte der di kjeme frå. |
| hegel | s. | trebøyle som vart nytta til å stramma tauet i børatåget | Du får vel helle finna fram hegled'n, så me får ha inn høye. |
| hela | s. | frossen dogg, rim | De e hela på markjå og rim i trenå |
| helsaspødla | De bler fort helsaspødla av når me ikkje får nok sveb'n. | ||
| hippa | s. | loft, lem | Eg gjekk opp på hippa for å sjå om eg fant dei gamle skonå mine. |
| hogverk | s. | angst, samvitsgnag | |
| håttalause | a. | gløymsk, distré, tankelaus | Du e så håttalause at du snart gløyme vede! |
| illing | s. | lyn | De va både tora og illing i jerrkvell. |
| ilåd | s. | objekt til å ha noko anna i | Når me handla på butikken, må me ha någe ilåd te å få vared'n him i. |
| inkjevetta | adj. | ubetydeleg, lite, smått, lite verdt | Vermelinjå sa at de sko ble godt skiføre te heljå, men de blei bare någe inkjevetta. |
| istemjølk | |||
| jedna | adv. | kanskje | Eg kjeme jedna i mårå. |
| joreple | s. | potet | Me ska ha sill og joreple te middag. |
| jysla | adj. | veldig | De kjeme te å ble jysla kalt ude i nått. |
| kilsost | s. | råmjølkspudding | Kilsosten te mor va så go at di hadde haurt om an i nabokommuen. |
| kjeringkikkert | s. | når ein held handa over augo for å skugge for sola | De va så voldigt modlys, at eg måtte ty te kjeringkikkerten. |
| kjetta | s. | hokatt | Nei, nå har den gamle kjettå fått kattongar igjen. |
| knoda | v. | snakka tilgjort eller fint | Når 'u kom him frå byen, knoda 'u så ei bydama. |
| kved'l | s. | ullteppe | Dar e så kalt om dajen, at eg må sidja me kved'l på meg. |
| kådla | s. | trekar til å ha mjølk i, oftast av bjørk. | Kan du vara jille å gå itte meir mjilk i kådlå? |
| kådla | v. | skanta, runda av | Kådla tømmerstokkjen i suen, slik at 'an glir bedre! |
| legervall | a. | for lite av noko | Sin tysdag va kjøbmaen i legervall for bananer. |
| lesta | v. | lata som | An sko lesta jelpast te, med der va lide gagn i de. |
| ljora | v. | binda fast, kneppa til | Du må ljora båden fast så 'an ikkje blese av. |
| lodder | s. | spøta ullsokkar | Lodded'n va så hålete at kånå fekk ett svare strev me å bøda di. |
| maie | s. | mage | Eg har så vont i maien. |
| naua | v. | lida naud, ta skade av | Eg naua 'kje så snart så båden vagga litt. Eg bler alre sjøsjuge. |
| pal | adv. | urørleg, utan å lea seg, bom fast | Eg sa 'an sko flytta seg, men 'an sto bare pal. |
| pengetaska | s. | pung, lommebok | An fant någe småpenger i pengetaskå. |
| potla | v. | arbeida smått, sysle, hefta seg med | De e allti grett å ha någe å potla me. |
| rigla | v. | vera ustø, vippa | Dette bore e så lealaust at de står berre å rigla. |
| saub | s. | væska som er att når ein tek ut smøret frå kinna mjølk | Saub e allti godt attåt mellemaden. |
| sjør | s. | surmjølk | Me må allti ha saub te komlå. |
| sjøydalause | adj. | uforsiktig | De e 'kje løye de går gale når di e så sjøydalause. |
| spøda | v. | strikka | Nå ska me spøda lodder te deg. |
| sulka | v. | skitna/grisa til, skjemma ut | Å nei å nei, koss du har sulka deg te, bad'n! |
| sveb'n | s. | søvn, medvitslaus kviletilstand når ein søv | Eg prøvde å vekkja 'an, men an låg i jube sveb'n. |
| tar | v. | treng | Du tar 'kje jera de. |
| taska | s. | veske | Eg trur eg har lagt brilled'n i taskå. |
| tågatamp | s. | tau, reip | Gå itte ein tågatamp, så me får binda studen fast! |
| tåkke | s. | berr mark | Du trenge 'kje broga kjetting på tåkkå. |
| vedåge | adj. | fornuftig | Du kan 'kje vara heilt vedåge. |
| ymta | v. | nemna | U ymta frampå om at 'u ville ha høgare lønn. |
| øvejidde | adj. | forundra | Eg blei øvejidde når 'an va så forandra. |
| øyra | s. | enden på not eller garn | Her kan me festa øyra i lann. |
Kjelde:Mesteparten av orda er snappa opp i samtalar som Morten Hetland har hatt med Aslaug Hetland, Magnus Hetland, Per Kvame, Åshild Kvame, Palma Ommundsen, Jon Ullestad, Else Ullestad og Magne Hetland.